Gå for livet – David, Martin, Arjan og Jørgen går 24 timar for Kreftforeningen

Støtt Støtt med Vipps
Opprettet av:
Anne Merete Solbakken
Medlem av gruppe:
INNSAMLING - AMFI Knarvik & Nordhordland Næringslag
Deltar i:
Kreftforeningens innsamlingsaksjon 2026
Innsamling for:
Kreftforeningens innsamlingsaksjon 2026

Gå for livet – David, Martin, Arjan og Jørgen går 24 timar for Kreftforeningen

Laurdag 18. april går Arjan Einestrand (15) og tre kompisar i fotspora til mamma Mariann Einestrand, og skal gå same turen som Mariann og venninna Anita gjennomførte i fjor. Neste generasjon tek stafetten vidare.

- Mamma utfordra meg til å gå same turen, og eg kunne ikkje seie nei, fortel Arjan.

Arjan har med seg kameratane David Kjenes (15), Martin Sandvik (16) og Jørgen Soltveit (15) på den strabasiøse gåturen. Dei fire har oppretta si eiga innsamling, med mål om å bidra i kampen mot kreft og vidareføre engasjementet som familien og venene har bygd opp.

Turen startar ved soloppgang frå Rosnes kai og går heilt til Skjelanger Fort. Dette er ein krevjande etappe som går både langs veg og i terreng, og heile turen kan ta opptil eit døgn.

Målet er å samle inn mest mogleg pengar til Kreftforeningen – og sjølvsagt å slå tida til Mariann og Anita frå i fjor på rundt 22 timar.

- Vi har aldri gått så langt før, men vi er vane med tur og trening, så vi trur dette skal gå bra, seier gutane.

Sekken blir pakka lett med litt snacks, og gutane håpar på heiagjengar langs ruta. Om dei treng litt ekstra motivasjon undervegs, skrur dei på litt jazz på medbrakte høgtalarar.

- Den største motivasjon er å samle inn pengar til ei viktig saka. Vi hadde ein lærer på barneskulen i sju år som nyleg gjekk bort, og det gjer dette ekstra nært for oss, seier gutane.

På AMFI Knarvik sin Facebook-side er det oppretta eit arrangement der venegjengen kjem til å legge ut live oppdateringar frå turen undervegs.

– Vi håper folk vil støtte oss, følge turen på Facebook og gi et bidrag til denne viktige saka, oppmodar dei.


💛 Håpet ligger i forsking

Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon engasjerer tusenvis av frivillige, organisasjonar og bedrifter i kampen mot kreft. Kvart år blir det samla inn pengar til livsviktig forsking. I dag har over 300 000 nordmenn hatt eller har kreft. Tre av fire overlever – dobbelt så mange som for 50 år sidan. Forskinga sine små og store framsteg gir håp.

Bli med i kampen – støtt Arjan og kompisane i deira gåtur for kreftsaka! 💛







Støtt Støtt med Vipps
9 450 kr
37%
14 Dager igjen

Nylig aktivitet

  • Tone Jordal Tone Jordal støttet 100 kr

  • Anonym Anonym støttet 500 kr

  • Vibeke Bjørndal Midttun Vibeke Bjørndal Midttun støttet 300 kr

  • Janette Skotvold Janette Skotvold støttet 50 kr

  • Lorentz Spurkeland Kjenes Lorentz Spurkeland Kjenes støttet 500 kr

  • Siv Merete Kjenes Arnesen Siv Merete Kjenes Arnesen støttet 300 kr

  • Erlend Åsebø Erlend Åsebø støttet 150 kr

  • Sølvi Dale Espetvedt Sølvi Dale Espetvedt støttet 500 kr

  • Anonym Anonym støttet 100 kr

  • Liv Berit Ones Liv Berit Ones støttet 250 kr

  • Anonym Anonym støttet 100 kr

  • Janne Tjore Janne Tjore støttet 100 kr

  • Laila Sandvik Laila Sandvik støttet 500 kr

  • Bjørn Rudi Fjæreide Bjørn Rudi Fjæreide støttet 250 kr

  • Silje Fjelde Silje Fjelde støttet 250 kr

  • Jostein Magnar Tjore Jostein Magnar Tjore støttet 500 kr

  • Anonym Anonym støttet 500 kr

    Wow, deke e virkelig råe og gode tvers igjennom! For en god sak deke gjer!🙏🏼

  • Andreas Gilje Andreas Gilje støttet 250 kr

  • Åsmund Hellesøy Åsmund Hellesøy støttet 500 kr

  • Anna Sandvik Anna Sandvik støttet 100 kr

  • Anonym Anonym støttet 250 kr

  • Ruth Eikanger Ruth Eikanger støttet 200 kr

  • Anonym Anonym støttet 300 kr

  • Guro Hopland Van Der Kooij Guro Hopland Van Der Kooij støttet 100 kr