- Created By:
- AMFI Knarvik
- Participating In:
- Kreftforeningens innsamlingsaksjon 2025
- Collecting for:
- Kreftforeningens innsamlingsaksjon 2025
Bedriftsstafett - AMFI Knarvik & Nordhordland Næringslag
Dei siste åra har AMFI Knarvik og Nordhordland Næringslag (NONL) samarbeidd om bedriftsstafetten til inntekt for Kreftforeningen. Årets mål er å samle inn 300 000 kroner.
AMFI Knarvik og NONL oppfordrar alle bedrifter i Nordhordland til å bidra i denne viktige saka, som berører oss alle. Vi har tru på stort engasjement og givarglede, og håper på stort engasjement under årets ringedugnad i veke 14.
Kreftforeiningen si årlege innsamlingsaksjon engasjerer fleire tusen frivillige innsamlarar, organisasjonar, lag og bedrifter i kampen mot kreft. Kvart år samlar Kreftforeningen inn pengar til livsviktig forsking på kreft. Over 300 000 menneske har eller har hatt kreft i Noreg i dag. 3 av 4 overlever. Det er dobbelt så mange som for 50 år sidan. Håpet ligg i forskinga sine små og store framsteg.
Pengane frå Kreftforeiningen sin Innsamlingsaksjon i åra 2024–2027 går til å gi fleire kreftpasientar tilgang til gentest – ein avansert diagnostisk teknologi som kan opne for nye behandlingsmoglegheiter og gi eit lengre liv til fleire.

Recent activity
When donations are received, they'll show up here.