Created By:
Gitle Sande
Participating In:
Kreftforeningens innsamlingsaksjon 2026
Collecting for:
Kreftforeningens innsamlingsaksjon 2026

Minnegåve etter Ester-Johanne Sande

Invitasjon til innsamling og fagkveld til minne om Esther Johanne Sande

Sommaren 2025 mista eg mi kjære Esther Johanne grunna svært aggressiv kreft. Dette var 3. kampen som ho diverre tapte. Ho fekk god kreftbehandling, men sjukdommen kunne ikkje kurerast og 3 veker etter at ho fekk beskjed om at behandlinga var stoppa, døde ho.

Til minne om henne, ønskjer eg å bidra til kreftforsking gjennom Kreftforeningen, slik at fleire kan få hjelp i framtida.

Eg vil difor arranger ein salsutstilling den 3. og 4. desember frå kl. 14.00

Stad: 2. etasje i Concord, Firdavegen 6. 6809 Førde

Vi vil stille ut penklede som kjolar, bukser, toppar, genserar, vinter- og sommarkåper, pensko, støvlettar og vesker.

Det meste er lite brukt og noko av det er ubrukt.

Den 3 desember frå kl.17 blir det også to faglege innlegg i auditorium i Concord med tema:

Korleis kan fysisk aktivitet hjelpe i krevjande situasjonar v/ Camilla Søvig frå Frisklivsentralen-Frivillige sitt økonomiske bidrag til kreftforsking. Kor viktig er det? v/kreftkoordinator Berit Ullebust.

Om noko skulle ønskje å bidra, men ikkje har høve til å vere til stades desse dagane, set vi sjølvsagt pris på det.



Tusen takk til alle som vil bidra 💙


Kreftforeningens årlige innsamlingsaksjon engasjerer flere tusen frivillige innsamlere, organisasjoner, lag og bedrifter i kampen mot kreft. Hvert år samler vi inn penger til livsviktig forskning på kreft. Over 300 000 mennesker har eller har hatt kreft i Norge i dag. 3 av 4 overlever. Det er dobbel så mange som for 50 år siden. Håpet ligger i forskningens små og store fremskritt.
Donate Give with Vipps
3,500 kr
17%
111 Days left

Recent activity

  • Gitle Sande Gitle Sande donated 1,000 kr

  • Sidsel Marie Våge Sidsel Marie Våge donated 500 kr

  • Bjørn Høgset Farsund Bjørn Høgset Farsund donated 500 kr

    Kondolerer Gitle

  • Rasmus Værn Rasmus Værn donated 500 kr

  • Inga Skorpa Inga Skorpa donated 500 kr

  • Knut Grong Knut Grong donated 500 kr