Syklar Nordhordland rundt for Kreftforeningen

Laurdag 11. april legg Mariann og Anita, som til dagleg jobbar på Lindex i AMFI Knarvik, ut på ei ny og krevjande utfordring: Dei skal sykle Nordhordland rundt til inntekt for Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon.

Duoen er ikkje ukjend med å teste eigne grenser. I fjor gjekk dei i 24 timar samanhengande – utan heilt å vite kva dei gjekk til. Responsen frå folk undervegs blei overveldande. Bidraga til Kreftforeningen strøymde inn, og støtta frå lokalsamfunnet gjorde sterkt inntrykk.

– Det var kjempegjevande. Gjevargleda var enorm, og folk stilte verkeleg opp for oss, fortel dei.

I år ønsker dei å gjere noko nytt. Sykkelturen startar frå senteret i Knarvik idet sola står opp, og målet er å fullføre heile runden – uansett kor lang tid det tek. Førebuingane er langt frå toppidrettsnivå: Mariann har ikkje sykla på sju år, og Anita skildrar prosjektet som noko ho ikkje akkurat driv med til vanleg. Dei stiller dessutan med gamle syklar, utan fancy utstyr.

Undervegs planlegg dei å klare seg med lite proviant, og heller handle eller ta imot det folk måtte tilby langs ruta – slik dei opplevde i fjor.

Motivasjonen er tydeleg: å samle inn mest mogleg pengar til ei sak som rører ved alle. Samstundes har det blitt ein personleg tradisjon å utfordre seg sjølve.

– Du må vere villig til å gå i kjellaren og ofre den dagen. Men det er verdt det for denne viktige saka, fortel dei to engasjerte kvinnene.

På AMFI Knarvik sin Facebook-side blir det oppretta eit arrangement (nokre dagar før turen) der du kan følge sykkelturen deira i sanntid.

– Vi håpar folk vil støtte oss, følge sykkelturen på Facebook og gje eit bidrag til denne viktige saka!
________________________

💛 Håpet ligg i forsking

Kreftforeningen si årlege innsamlingsaksjon engasjerer tusenvis av frivillige, organisasjonar og bedrifter i kampen mot kreft. Kvart år blir det samla inn pengar til livsviktig forsking. I dag har over 300 000 nordmenn hatt eller har kreft. Tre av fire overlever – dobbelt så mange som for 50 år sidan. Små og store framsteg innan forsking gir håp.

Bli med i kampen – støtt Anita og Mariann i sykkelturen deira for kreftsaka! 💛

Donate Give with Vipps
39,500 kr
79%
16 Days left

Recent activity

  • Anonymous User Anonymous User donated 200 kr

  • Susanne Susanne donated 300 kr

  • Byrørleggeren Træe tv/ Trond Morten Træet Byrørleggeren Træe tv/ Trond Morten Træet donated 1,000 kr

    Lykke til

  • Anita Losnegard Fosse Anita Losnegard Fosse donated 500 kr

  • Judit Myrtel Odland Judit Myrtel Odland donated 250 kr

  • Torill Skarsvåg Torill Skarsvåg donated 300 kr

    Flott initiativ! Viktig med forskning!

  • Stine Alp Stine Alp donated 250 kr

  • Ronnie Lydersen Ronnie Lydersen donated 500 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 200 kr

    Heia!! De er dyktige!! 😍👏

  • Anonymous User Anonymous User donated 200 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 100 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 100 kr

  • Ingrid Algerøy Ingrid Algerøy donated 500 kr

  • Sebastian Nesheim Sebastian Nesheim donated 250 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 300 kr

  • Russada sonjai Russada sonjai donated 500 kr

  • Linda Margrethe Andersen Linda Margrethe Andersen donated 200 kr

  • Hilde Fiske Hugaas Hilde Fiske Hugaas donated 250 kr

  • Therese Grasdal Therese Grasdal donated 200 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 500 kr

  • Mona Elin Haukeland Mona Elin Haukeland donated 250 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 100 kr

  • Anonymous User Anonymous User donated 100 kr

  • Ørjan Gripsgård Ørjan Gripsgård donated 100 kr